Kinesisk språk og kalligrafi
kinesisk historie & kultur
kampsport med Taiji Quan
handarbeid med knutekunst
kinesiske filmar og tradisjonelle spel
6 vekers rundtur i det store Kina
…
Kina er den store reisa: Ein brulagt sti gjennom historia, over Den himmelske freds plass og sigande forbi bambus lunden ved Li-elva. Ferda går vidare til minoritetsfolk og Håp skule på landsbygda og så med eitt mot framtida.
Velkommen til Kinaklassen på Møre Folkehøgskule si heimeside. Her finn du mykje informasjon om linja, og kva me føretek oss. Følg spesielt godt med når me reiser til Kina.
Her er litt informasjon frå Møre Folkehøgskule sine heimeside:
Det er i Kina det skjer. Fortida og historia viser oss dette og framtida vil vise oss. Midtens Rike har alltid vore framandt. Men den kinesiske verda har også alltid vore der som ein draum eller som den store austveggen. Silke, krut, akupunktur, porselen, kompasset, jade og Tai Ji Quan har funne vegen vestover.
![]() |
![]() |
Det er også mange grunnar til å finne vegen austover. Kanskje kalligrafien har små løyndomar til deg? Som du skjønar, er vi godt budd før vi set oss på flyet til Kina i vinter. Spenninga til møtet med barna på Håp Skule vår, Lilong barneskule, kriblar. Gleda i møtet, og gleda over å hjelpe, set varige minner.
![]() |
![]() |
Linja KINA – MIDTENS RIKE har også lærar frå Kina. Vi vil lære språk, historie, kultur, samfunnsliv og geografi. Vi vil lære ein del tradisjonelle kinesiske handarbeid, f. eks kinesisk knutekunst og papirklipp. Vi vil også studere kinesiske religionar, kinesisk politikk og filosofi, og diskutere kulturskilnader og utviklinga i det moderne Kina. Kina er i endring heile tida – ei historisk endring.
![]() |
![]() |
Det vi opplever og lærer av seks veker i det mangsidige Kina er verdt å dele med andre.
Klikk her og se flere videoer fra klassen
Ved spørsmål om linja kontakt skulen her.
Leave a Reply