Kina – Midtens rike 中国班

Møre Folkehøgskule

Folk svinner hen

Heisann sveisann godtfolk! Då var det nok ein gong eg, Renate, som har fått gleden av å geleida dokke gjennom vekå som har sprunge avgårde. I løpet av vekå har me blitt færre og færre på skulen. Grunna vår forsinka vinterferie e det nå kinaklassen som rår øve både annekset og internatet. Likavel ska det nå påpeikast at me ikkje har gjort så alt for masse av oss:)

Mandag

Etter morgensamling på mandagsmorning var det rett på med valgfag. For min del, pluss store delar av kinaklassen, vil det sei knutekunst med Sumin. Som det som mest sannsynleg e siste valgfagsperiode for vår del… var det vel egentlig ikkje nåken spesiell følelse der og då, men det er likavel rart at etter Thailand e det bare 2-3 veker igjen av skuleåret.

Etter lunsj var det frustrasjon, oppgitthet og lett aggresjon som fylte luftå i kinaklasserommet. Då var det nemlig å få søkt om Thai pass som stod på agendaen. Då marakkelset var fylt ut, blei det ein liten rundtur rundt om i Ørsta for ei litå gruppa eventyrlystne kinaelevar. På vår vandring var det et fåtal som te og med fekk sjå ein oter. Når turen var ferdiggått bar det bort på treningsrommet for ein heil haug håpefulle elevar som prøve å bli FIT før Thailand.

Tirsdag

På tirsdag var det slutt på morgensamling og kun animasjon og kina igjen på bygget. Nok ein gong fylte frustrasjonen kinaklasserommet då det denna gongen skulle søkast visum. Grunna erfaring med Thai pass, var det heldigvis overkommelig-ish å starta prosessen. Under middagen blei bordet vårt tatt av animasjonselevane, så då blei det tilsynsbordet på kinaklassen detta måltidet…

Onsdag

Onsdagen starta med ein liten dokumentarfilm om nordlige Thailands natur og dyreliv, før me la fram litt om plassar me ska besøka under reiså. Etter lunsj var det thai språk som stod på menyen, der Nongyao var blitt leigd inn for å lera oss opp i grunnleggande fraser og ord.

Denna dagen hadde òg Haibiao bestemt seg for å var ekstra grei og var med på å diska opp med frityrsteikt is, i tillegg te frukt og smelta sjokolade. Sjølv så må eg sei meg rimelig fornøyd med resultatet!

Torsdag

Denna dagen ferdiggjorde me visumsøknaden og planla koss me sko gjer angåande mat dei kommande dagane, då me må fiksa det sjølv. Det blei tegna opp ein plan der ein gjeng elevar får ansvar for mat kvar sin dag. Under kveldsmaten fekk me sjå nåken sportsfolk igjen, nok for siste gong på lenge, før dei reiste him for vinterferie. Som ein fin avslutning på vårt samvær med sportsfolk blei det satt på ein stream om skredfare me kunne sjå på mens me åt.

Fredag

Reiseplanlegging var igjen opplegget før lunsj. Etter lunsj fór me te Tv-ståvå og såg filmen «Broen over Kwai», som me vel kan sei fungere som litt bakgrunnskunnskap før turen te Thailand:) Det blei òg litt turgåing i finvêret denna dagen, med opplett og te og med litt sol innimellom.

Fra og med fredagsmiddagen måtte me sjølv stå for maten. Detta starta meget bra, då Haibiao diska opp kylling og ris te oss. Det har òg blitt slått samen eit storslått bord midt i matsalen for anledningen, passande for ein klasse av vår rang.

Fra og med fredag har òg Maria og Jesper fått låseansvar, då det ikkje er tilsyn på skulen dissa dagane. Allerede fra dag éin konne man sjå koss makten påvirka dei nye nøkkelberarane. Likavel så ska eg ikkje gå for hardt ut mot dei då eg som romkamerat med ein av dissa nøkkelberarane òg får ta del i fine privilegier som blant aent låserundar på kvelden.

Mektig Maria på låserunde

Lørdag

Etter ein litt seinare enn vanlig frokost på lørdag hadde me ennå meir turplanlegging. Deretter bar det bort på kjøkkenet der me laga kinesiske pannekaker og dumplings. Te lunsj åt me pannekakene, mens dumplingane blei servert te middag. Det blei òg litt danseøving og prøvefilming te eit prosjekt som klassen har igangsatt… På kvelden samla klassen seg i Tv-ståvå for å sjå på MGP, der det vel var delte meiningar om showet og resultatet. Te kveldsmat var det meir frityrsteikt is for dei som ville ha (som for eksempel meg).

Søndag

Fortsatt mett etter gårsdagen blei det i dag ein sein frokost. Varme rundstykker, egg og bacon, i regi av Maria, Seline og Christoffer var ein god start på dagen. Te middag serverte dei gongbao kylling og te dessert blei det is. Nok ein gong blei det sein kvelds. 

Merke at det kanskje går litt vel masse i mat og måltider her, men det er vel ofta sånn dagane blir delt opp nå for tidå. Litt ekstra spesielt er det jo òg nå som me må laga an sjølv. Må òg bare legga te at det e lenge si eg har vore så mett som dei to siste dagane, og e stygt redd for at det komme te å fortsetta sånn utøve neste veka når det blir meir matlaging av klassen. Men men, det gledes!

Renate 🙂

Leave a Reply

Your email address will not be published.

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.