Kina – Midtens rike 中国班

Møre Folkehøgskule

Rolig veka for 中国班

Då var det jammen meg blitt nok ein fridag og dermed slutten på den siste fulla vekå før haustferien. Med søndagen følger jo òg det vekentliga blogginnlegget, som det denna gongen er eg, Renate, som har fornøyelsen av å skriva. 

Etter ei travel veka med matauk og Grand Prix var det godt å ta det litt kuli med sportsklassane ute på rek. Mandagen starta i det små med fellesfag om politikk før det etter lunsj var språkundervisning. Då blei det avholdt konkurranse der Victoria, Christian og moi gjekk seirande ut med Smash som gevinst. Det blei ein rolig middag med kun Kina og Animasjon til stede, og for å feira fraværet av sportsklassane blei det servert rester til middag, men med boller til dessert:). På kvelden blei det både kveldsbad, prat med lokalbefolkningen (dvs. rånerar) og kakespising.

På tirsdag tok Kinaklassen på seg ansvaret for å var sporty og fòr opp til Sandhornet i ein himmlege fart. Sjølv om fjellet var lurent der det bak kvar topp skjulte seg ein ny, høgare topp, kom me oss opp til slutt. Turen tilbake blei bratt, men alle kom seg heilberga ned og nådde middagen så å sei på minuttet.

Etter middag tok Maria, Sol Emma og Aurora på seg ansvaret for å vaske klatretak til klatrevegg for å tjene litt cash til håpskoleprosjektet.

Maria, Sol og Aurora vasket klatresteiner og jobbet for håpskolen.

Medan dei holdt på med det, begynte resten av klassen å laga kveldsmat, som vil sei cola-kylling og vårrullar. Etter at alle var ferdig spist blei det film i peisestovå med Animasjonsklassen, popcorn og restekaka, der det blei vist “Biler”. 

Morgensamlingå på onsdagen inkluderte eit lite kurs i linjedans, etterfulgt av nok ein time kinesisk.

Vi lærer 4 kategorier av kinesisk tegn.

Lunsjen denna dagen blei rester av gårsdagens kveldsmat. Etterpå blei det læring om panda. I løpet av dagen begynte òg sportsklassane å siga inn sakte men sikkert. På kvelden blei det kveldstur med Thai Takeaway på nåken og smtm8 på andre.  

Torsdagen starta med ein time om kinesisk geografi, men ikkje før me hadde løyst ei oppgava som gjekk ut på å surra opp ein tråd som bandt oss saman i par. Etter suppe-lunsj blei den ukentlige romvasken gjennomført. På kvelden blei det nok ein gong kveldstur for nåken og smtm8 for andre. 

Sjølv om det var Kina sin nasjonaldag fredag første oktober, betydde ikkje det fri for Kinaklassen. Tvert imot bøy det heller på fellesfag med kor i første omgang og så litt om globalvettreglane i andre omgang. Etterpå blei det brannøving, der alle satt spent i stillheit på sine rom og venta på at brannalarmen skulle gå, me venta dessverre forgjeves då den i stedet sprang (neida haha). På kvelden blei det filmkveld igjen der klassen samla seg for å sjå Kung Fu Hustle. 

Lørdagen brakte med seg nye opplevelsar med yogaseminar for heile skulen. Første del var litt meir aktivt anlagt, medan andre del bestod av djup, guida meditasjon med puter, tepper og dyner for dei som ønska det.

På kvelden hadde Friluftsliv X Sunnmørsalpane elevkveld med tema 2000-tallet. Som følger av det blei det utkledning rundt detta temaet. Elevkvelden deira inneholdt dansenummer, filminnslag, rap-battle, brownies og spørrekonkurranse der vinnaren blei avgjort gjennom dance-off mellom dei to lagå med flest poeng. Delar av kinaklassen (Jesper, Nikolai og Christian) var på vinnarlaget og leda godt an på dansingå. På kvelden blei det nok ein gong film med Edward Scissorhands på skjermen.

Søndagen starta brått for visse syvsoverar då Ida tråkka til med trompetspeling. Ellers har dagen gått til litt av kvart, blant anna øving på kinesisk, knutekunst, One Piece, Robinsonekspedisjonen, Fotballkamp, tur, smtm8, Street Dance of China s3 m.m.  

Det var vel det for denna gongen og så gledes det til komande veker. Takk for moi :). 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.