Kina – Midtens rike 中国班

Møre Folkehøgskule

Dynastier, trening og fritering

Hei eg heite Peter og skal skrive bloggen dinna veka. Eg kjem frå Nordfjordeid i Sogn og Fjordane, Hovudstaden nord i nordvestlandet. Eg er generelt ein roleg fyr og er interesert i både lesing og dataspel.

Veka starta med løp for Håpsskulen som varte i ein time i den vinterkalde Kiwi-hallen i ørsta sentrum. Sjølv om det var kaldt var det stor insatts blant alle klassene og Håpsskulen fekk inn ein stor sum med pengar. Det var mange sponsorar involvert i løpet og med god motivering fra Henrik gjorde alle ein god innsats for Håpsskulen.

På Onsdag vart det organisert gymtime for klassa etter undervisningen. Organisatorer var Åro, Ole Edvard og Emilie. Timen begynte med Haien kommer med Baby Shark bakgrundsmusikk. Aktivitet nummer to var Amøbe der enn skulle ta stein, saks og papir om å utvikle seg til neste nivå. Den som vant på alle nivå vant leiken. Etter dette spelte klassa innebandy før vi avslutta med squats. Det vart gjort i takt med ein sang som handla om akkuarat squats.

Etter gymtimen fekk klassa servert frityrstekt is av HaiBiao. Mange lurte på korleis det var mulig å frityrsteike is, men etter kvart fekk alle som ville ei innføring. Det er faktisk ganske enkelt å lage og smakar også veldig godt. Dei fleste vil samanlikne smaken med vaffler.

I språk denne veka fullførte vi leksjon 5 – We will travel to China. Vi lærte om relasjonar til både menneske og stadar og gjekk og gjennom fleire nye verb og adjektiv. Ellers har vi gått gjennom Sanguo, Sui-dynastiet og Tang-dynastiet i historie-timane.

På lørdag var det Swing seminar og vi fekk innføring i ein serie bevegelsar som vi til slutt miksa og kombinerte i dans. Det var mange flinke dansarar og mykje entusiasme. Dei som vart med heilt til slutt kunne også danse med live band som spelte nokre fantastiske Swing låtar.

Lørdagskveld var det elevkveld og denne veka var det Peru klassa sin tur til å stå for showet. Temaet var musikal og det var mange flotte kostymer. Måltidet besto av pizza og på veg inn kunne ein sjå mange som hadde lagt mykje innsats i kostyma sine. Sjølve forstilinga til Peru handla om livet her på Møre Folkehøgskule med både vasking og sladder framført gjennom musikk frå ulike musikkalar.

Alt i alt har det vore ei aktiv og kjekke veke med kinaklassen.

Takk for meg.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.