Hei, og velkommen til ein nynorsk blogg. Vi som skriv i dag er begge vestlendingar, så forbered dykk på ei gjennomgong av veka med to av Ivar Aasen tilhengarane.
Til å begynne introduksjonen har vi Ådne, aka Big Boss Diva, og dessverre den no tredje høgste i klassen, på grunn av Ole og Kina-Peru hybriden kjent som Robin:(. Den andre til å skrive for dykk i dag er Anna Elen, ei av to Annaer i klassen, aka dovendyret 🙂
Ådne som trur han er sexy og kul på høgste nivå. Anna som utfordrar Holger til å få foten høgst opp.
Denne veka starta som ei heilt vanleg veke med valgfag og språk. Vidare hadde vi dei siste øktene med Gong Fu før vi på Onsdag kveld hadde kosekveld og tok farvel med meister An. Vi spiste is og mykje høgkvalitets kake baka av Emilie, Åro og Tina. Den var veldig god!! Vi likar kake!! #AlleLikarKake! Det vart underhaldning med farvel song for Meister An som vi hadde øvd mykje på i timane til Haibiao. Det gjekk (ikkje) ekstremt bra. Vi gjekk så vidare til å frammføre vore vidurlege dansar, som de kan sjå her:
Meister An hadde førebudd noko for oss og. Han sang ein artig kinesisk song og avslutta kvelden med å danse kinesisk pardans med Thea. Noko som imponerte alle i klassen.
Eit av dei andre høgdepunkta denne veka var at vi fekk eit nytt medlem i kinaklassen, Georg (ønsk han lukke til)

Det vart ein kald slutt på veka utan noko varmt vatten, på grunn av feil i systemet. Dette ilag med ein kald vinter som kjem nærmare og nærmare. #WinterIsComing.
For å avslutte frihelga reiste ein liten gjeng frå klassen på tur til Ålesund. Der shoppa vi masse og spiste god middag på Egon. Då vi kom tilbake på skulen var endeleg det varme vatnet kome tilbake (Dette gjorde oss superglade) 🙂
