Kina – Midtens rike 中国班

Møre Folkehøgskule

Den kinesiske draumen

20140320-IMG_1416

”Før fanden får på sine sko må barna stå opp i Shanghai.”

Dette er slutten. Slutten på vår lange ferd gjennom Kina. Slutten på vårt eventyr frå Hong Kong til Shanghai. Denne ferda, dette eventyret, har ført oss gjennom byar og landsbygd, rike og fattige provinsar. Me har møtt store kontrastar på vår ferd gjennom Kina, dette kontrastane sitt rike. Det er nettopp det som er det fascinerande med Kina, det at det både er eit u-land og samstundes ein av dei leiande nasjonane innanfor teknologi og arkitektur. Kina er verkeleg moglegskapen sitt land. Eit land der økonomien er i så rask utvikling at det bare tok om lag tjue år å byggje ein av verda sine største byar; Shanghai. Denne byen skaut opp i véret og er no ein metropolitansk storby utan like. Kalla ”Austens Paris” og ”Orientens hore” av Europeiske kolonistar tidleg på 1900-talet, Shanghai er verkeleg ein by rik på historie, både kinesisk og internasjonal historie. Og det er her vår ferd tok slutt, i vakre og rike Shanghai.

20140405-IMG_5552

Shanghai har alt. Om du ikkje kan finne det i Shanghai kan du ikkje finne det nokon plassar. Her finn du moteklede, perler, silke, te, krydder av diverse slag, gull, sølv og diamantar, alt dette om du har nok pengar sjølvsagt. Nok pengar hadde jo sjølvsagt oss nordmenn så det som skjedde i Shanghai var at mange av oss fekk litt ”shoppinggalskap”. Pengane flaut i Shanghai. Det er rart med denne byen, det kan virke som om den har ei spesiell evne til å få pengane dine til å fordufte. Ikkje nok med det, når ein står i eit slik økonomisk krafthus som Shanghai kan ein verkeleg kjenne at ein står på ei av dei økonomiske hovudpulsårane til verda. Med skyskraparane rundt deg som held himmelen oppe. Eit eventyr som aldri vil ta slutt.

Sjølvsagt kunne ikkje opphaldet vårt i Shanghai bare gå i shopping, me måtte jo oppleve litt kultur medan me var der også. Klassen besøkte difor eit teater der me såg akrobatar sprelle på scenen i ein stil som minna meg mykje om sirkus frå dei glade 20-åra i USA og Europa. Dette var vel eigentleg inntrykket eg satt igjen med frå Shanghai, at dei no opplev ei liknande økonomisk vekst.

20140318-IMG_1103

Kina som skulle vere eit kommunistisk land, eller det var i alle fall det eg trudde, viste seg å vere eit av dei mest kapitalistiske landa i verda. Aldri i mitt liv har eg opplevd slik rå kapitalisme som møtte meg i Kina. Ein ser det sers godt i Shanghai, men ein opplev det heile vegen gjennom Kina, det er ikkje mykje som er kommunistisk her utan om symbolikken. Sosialistiske tendensar heng igjen etter ei tidlegare tid, men i notida er Kina ei kapitalistisk stormakt med ein blomstrande økonomi. Nokre lev i fattigdom medan andre lev i overdådig rikdom, og dette har me i kinaklassen fått kjenne på kroppen.

IMG_0741-1

No sitt me her, på flyet som skal ta oss frå Shanghai til Helsinki, og dette er slutten på det siste blogginnlegget frå turen vår. Me sitt alle igjen med mange inntrykk frå turen, og nokon av oss vil nok reise tilbake til Kina ein gong i løpet av våre liv. Eg vil gjerne avslutte teksten i min gode ven og klassekamerat, Joakim, sin stil med eit sitat av Ivar Aasen. Hold dykk fast for her kjem det.

20140307-007

”Var alle rike, so vilde ingen ro.”      -Ivar Aasen

Godt sagt, Ivar. Godt sagt.

Fartein

Klikk Her for å se alle bildene og reisebrevene fra Kinatur 2014

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.