Kina – Midtens rike 中国班

Møre Folkehøgskule

I kanalbyen Suzhou

20140405-IMG_5552

Kjære lesarar. Me er i Suzhou, siste overnattisgsstopp før me drar til Shanghai, der klasseturen kjem til å ende. Her er det 1, 6 millioner menneske, og om lag like mange kanalar, i byen som vert kalla det kinesiske Venedig.

På fredag vitja me Suzhou museum. Der såg me utstillingar av kinesisk samtidskunst laga med blekk og kalligrafipensel, nokre gamle silkebroderi frå Ming- og Qing-tida,  te som me kunne lukte på, og nokre pyntegjenstandar av jade og sølv. Då me var ferdige med å sjå på alt dette, gjekk me ut i ei travel gågate og kjøpte ei rar frukt som såg ut og smakte litt som druer, men som visstnok er i slekt med plomma. Suzhou er ganske kjend for å ha mange fine klassiske kinesiske hagar, og me vitja den største av dei. Her kunne me sjå mange blomar og gullfiskdammar, og alt det som ein elles bør ha i ein fin hage.

20140404-IMG_5543

Så gjekk me til ei handlegate ved Keisarkanalen. Der fann me eit dansk bakeri, eigd av ein middels tjukk danske som heitte Lars. Etter ein kort båttur på kanalen, og ein OK middag, sette nokre av elevane seg ned hjå dansken og prata om Kina over ein god kopp med svart og vestleg kaffi.

På laurdag var me på silkemuseet i byen. Me lærte korleis dei vov silke i gamle tider, og såg nokre svært gamle og nokså imponerande silkebroderi. Etter ein ganske turbulent tur med lokalbuss, åt me lønsj på ein augorisk restaurant. Her bestilte Herman eit heilt lammelår. Sjølv om det såg godt ut på menyen, var han redd for at auga hans hadde vortne større enn magen, og at han hadde teke seg vatn over hovudet. Men han åt opp alt han fekk servert, og trong ikkje gå svolten resten av den dagen. Sjølv fekk eg ein lammelegg, og eg er jo ingen barbar, så den åt eg som best eg kunne med spisepinnane mine.

20140405-IMG_5561

Etter eit vellukka måltid gjekk me til Nettmeistaren si hage, som er den eldste klassiske kinesiske hagen her i Suzhou. Bloggskrivar kom bort frå resten av klassa i denne hagen, og utforska han difor på eiga hand. Hagen var veldig stor, og bygga som ein labyrint. I ein aungneblink var eg i ei stove, og i den neste på ei bru på veg over ein fiskedam. Eg gjekk gjennom ein korridor her, og eit blomebed der, til eg brått høyrde at nokon prata på norsk, og sanneleg var det ikkje venane mine i kinaklassa.

20140406-IMG_5592 20140406-IMG_5587

Heile sundagen var fri til eigen disposisjon. Fartein og eg leigde syklar, og sykla litt i den gamle delen av byen, før me sette kurs mot ein “Tiger Hill”. På vegen trefte me ein gjeng frå klassa som me slo fylgje med. På Tiger Hill utforska me endå ein kinesisk hage, og denne hadde eit høgt og litt skeivt tårn i seg. Etterpå åt me lønsj i lag, før Fartein og eg sykla vidare til den moderne delen av Suzhou. Her sykla me oss litt ville, men med god innsats, intuisjon, mot, retningssans, flaks og gode språkeigenskapar fekk me sett byen, og me fann vegen attende til hostellet.

20140404-IMG_5532

Her er det eg sit og skriv, i ei overkøy på eit firemannsrom som eg deler med Michael, Herman og Ivan. Det er så trangt her at me må gå ut i gangen om me treng å opne koffertane våre. Men me er held motet oppe, og trøystar oss på orda til Ivar:

Det kann koma ein stor Gut or eit litet Hus.

Joakim.

Reisealbum 2014

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.