Alt bra i Kina. Sidan onsdag kveld har me vore i Lijiang i nordvest-Yunnan, som med eit folketal på 1 244 769 er den 170. største byen i Kina. Her har me okkupert eit gjestehus midt i gamlebyen, på om lag 2 400 meter over havet.
Torsdag morgon reiste me for å sjå på den største svingen i Yangtse-elva, i ein landsby som heiter Shigu. På vegen dit fann Ola ein hatt som nesten heitte Marlboro.
For å sjå elva, gjekk me opp til ein barneskule som låg på ei høgde. Her leika me på nokre bildekk som nokon, medvitne eller ikkje, hadde gløymd i sanda.
I landsbyen var det ein rekke nasjonalistiske monument. På biletet under er Kalle (ein fjordårselev som er på ryggsekktur med kjærasten sin, Hanne, men som har treft på Kina-klassa på klassetur) og eg sjølv på båttur med nokre raudegardistar.
![]() |
![]() |
Fartein ville òg posere. |
Elvesvingen ligg i idyllist til i en Shigu-landsbyen. Om elva ikkje hadde svinga her, hadde ho fortsett rett inn i Vietnam.
Då me var ferdige med å sjå på elva, kryssa me ei hengebru, før me drog vidare mot Tigersprangjuvet.
Tigersprangjuvet er eit 15 kilometer langt juv som det renn ei elv gjennom. Ein gong skal ein tiger ha hoppa over juvet for å flykte frå nokre jegerar som ville drepe han. På vegen dit kryssa me ei bru som var så gammal at me måtte gå av bussen og krysse ho med apostlane sine hestar, for at ho ikkje skulle kollapse under oss
![]() |
![]() |
![]() |
Langs juvet er det hogga, sprengt og flislagd ein veg som turistar kan traske langs, om dei ikkje vil betala nokre yuan for å verte trilla i trillebåre av dei fastbuande. Adventura Kina valde det fyrste alternativet, sjølv om vegkvaliteten varierte.
![]() |
![]() |
Heldigvis var ikkje skilta til å misforstå. |
Fartein fekk tak i ein antikk buddhistisk bønnesnurredings, og resiterte heilage buddhistiske ljodar heile vegen. Om ikkje han når nirvana snart, så gjer ingen i klassa det.
Då tigeren hoppa over juvet, mellomlanda han på ein stor stein. Herman meiner at eit menneske kunne ha klart det same om det var veldig viktig, men sjølv er eg i tvil.
Her tok me eit klassebilete. Refleksvestane måtte me ha på for at reiseforsikringa skulle gjelde her. Me hadde truleg vorte påkøyrde om me ikkje hadde dei. Alle som éin.
Fredag vitja me ein Naxi-landsby. Her såg me på huset til dr. Joseph Rock. Han skreiv i si tid litt av kvart om naturen og folka i området, og sette området på kartet for oss i Vesten.
![]() |
![]() |
Naxi-folka har nokre spesielle klesdrakter som dei traskar rundt med. |
Å få tatt eit klassebilete i dag var ikkje lett. Halve klassa forsvann nemleg bak bygningane for å klatre opp på Jadedragesnøfjellet som lesarane kan sjå i bakgrunnen. Ingen har nokon gong kome til toppen og overlevd, elevane i Kina-klassa valde difor å snu etter få meter.
I dag har me òg vitja eit buddhistisk tempel. Her fann Michael og Ola nokre små kinesarar som song.
Ola snurra på nokre snurredingsar. Om ikkje han snart når nirvana, så veit ikkje eg.
Etterpå drog me til eit anna buddhistisk tempel, Yufeng-tempelet. Her såg me eit over 500 år gammalt kameliatre, med ein minst like gammal munk som passa på det.
Vidare vitja me dr. He, ein gammal naxi som skal nærast skal ha magiske krefter. Den 92 år gamle mannen fortalde oss at han ved fleire høve hadde kurert blodkreft og diverse andre ganske kjipe tilstandar.
Han var ein interessant fyr, men han prata mykje, og var glad i det litterære verkemiddelet gjentaking, så til sist måtte me seie takk for oss og reise heim.
På vegen såg me nokre naxi-folk som dansa.
Butikkane i området sel mest trommar, te, jakokseyoghurt, og juggel. Men arkitekturen i gamlebyen er interessant, og på Pappa Gourmet sel dei kaffibrød som kan minne om norsk bakverk. Nokre av elevane saknar nemleg norsk brød, og Fartein uttrykte i ein desperat augneblink i dag at ”Eg hadde gladeleg kaldkvela kvart einaste Lilong-skuleborn for ei brødskive med brunost no.”
Elles har me det berre bra. Eg skal helse frå alle elevar til alle føresette og vener og seie at me er friske og har det berre fint. Me ber om orsaking for at me ikkje har gjeve ljod frå oss, men me har mykje å gjere, og tida strekk ikkje til. Men om nokre veker er me heime att, og då skal de få høyre kva me har drive med.
På vegne av Kina-klassa: Takk for no.
Med helsing frå Joakim.
Hahahahah!!!! Bortsett fra den lille detaljen at jeg ikke forstod bæret av teksten da den var skrevet av Ivar Aasen eller noe, var dette veldig gøy. Og det kan jeg si, her jeg mollkoser meg med nybakt brød med fløtemysost. Og hardingfele på P2. Nei, jeg kødder ei. Kos dere masse videre, og fortsett med mange oppdateringer. Og fortsett for all del med snurringen!