Ni hao! Her er ei lita oppdatering frå Midtens Rike til alle dei bekymra foreldra heime i Noreg. No sit eg, Fartein, her i Kina, nærare bestemd Yangshou, og skriv blogg for harde livet medan min romkamerat, Benjamin, kosar seg på toalettet vårt, som forøvrig manglar veggar. Toalettet på rom 205 her på Dozycat hostellet har nemleg veggar laga av glas, noko som er sers merksnodig.
Uansett, det er ikkje toalettene eg kom her for å skrive om. I dag reiste me frå Guilin omtrent kl. 09.00 på ein buss som skulle ta oss til Li-elva. Etter ein time på buss gjennom vakkert karstlandskap var me framme, og i det me satte fot utanfor bussen kom det nokre lokale seljarar som skulle prakka på oss frukt og juggel. ”Bu Yao” som tydar ”vil ikkje ha” er ein sers nyttig setning her i Kina. Til slutt kom me oss ned til bambusflåtane som skulle lose oss over elva. Naturen i dette området er heilt fantastisk. Fjella stig rett opp av bakken og skyt til himmels. Etter båtturen nedover elva var det på tide å gå opp på toppen av eit av desse fjella for å få litt utsikt over området. Og sant må seiast, det var litt av ei utsikt! Oss Nordmenn er jo sjølvsagt vane med å gå på fjelltur, men kanskje ikkje heilt vane med å gå på trapper heilt opp til toppen. I følge Sumin så er det vanleg at det er trapper heilt opp til toppen av fjella det er vanleg å gå tur på. Merkeleg etter våre standardar, men heilt normalt i Kina.
![]() |
![]() |
![]() |
Etter den fine turen satte me oss på bussen igjen for no å køyra vidare til Yangshou. Mitt første inntrykk av denne byen er at den er sers sjarmerande. Det at den ligg så tett på naturen og dei vakre fjella gjør at det, på ein merkeleg måte, kjenst veldig likt Noreg. Fjella her er ikkje som dei fjella me har heime, men dei er framleis vakre. Yangshou er ein liten by, bare omlag 2 millionar innbyggarar, som ligg ved Li-elva, og dei er ekstremt kry over fjella og elva si. Dette såg me då me var på ein musikal satt på elva som omhandla livet på elva. Dei fór rundt på elva med bambusflåtane sine og song på kinesisk, noko me forstod fint lite av. Før showet hadde me vekka oppsikt blant dei lokale då dei synest det var morosamt å ta bilete i lag med oss europearar. Då showet til slutt var ferdig gjekk me tilbake til hostellet for å førebu oss på dagen i morgon, då er det nemleg tid for å vitja håpskulen og fullføre det me har jobba med heile folkehøgskuleåret vårt!
![]() |
![]() |
Eg takkar no for meg for denne gongen, men det kan jo vere at eg brått kjem til å dukke opp på bloggen her igjen eingong. Saijien!
Fartein