Kina – Midtens rike 中国班

Møre Folkehøgskule

Nå ber det snart av garde til Midtens Rike

 reiserute_new
Vi er klare til Kinatur!

Hei kjære blogglesare!

Her kjem forrige vekes oppdatering frå Møre. Sjølvsagt kledelig forsinka da det er eg, Mari, som skriv blogg denne gongen. No er alle kinaelevane reist heim, til sin respektive heimplass, for å gjere dei siste førebuingane før turen på eiga hand. Derfor blogger eg frå Kvam i Gudbrandsdalen denne gongen.

avreise-5 avreise-3

Vi har fått skulegenser! Alle i klassa skal bruke vest i Kina. Kven høyrer denne vesten til??

Denne veka har kun gått med på reiseførebuing for Kinaklassa sin del. Det har vore seine kveldar og intens jobbing for stort sett alle, med både håpskuleundervisning, reiseførebuing og panteinnsamling. Torsdag fyrstkommande, dreg me altså til Kina. Me landar i Hong Kong fyrst, og skal vera der nokre dagar, før me kryssar grensa til sjølvaste fastlands-Kina. Under turen vår, skal me prøve å blogge kvar dag, så det neste blogginnlegget kan de vente dykk frå Hong Kong, antakelegvis på fredag.

I alle klassetimane denne veka, har me altså arbeidd anten gruppevis eller åleine, med håpskuleundervisninga eller reiseførebuinga. Eg og Åsmund, som skal undervise 29 femteklassingar på Lilong Håpskule, er endeleg ferdige med opplegget vårt. Me gru-gler oss båe to, trur eg, og det blir spanande å sjå om dei forstår oss. To formiddagar à la tre skuletimer skal me altså undervise dei i engelsk, og det på kinesisk. Når det gjeld reiseførebuinga, går det ut på å samle nyttig informasjon om alle dei ulike stadene me skal besøke i løpet av reisa vår. Dette er for å få mest mulig ut av kvar enkelt stad og for at me skal kunne finne på noko å gjere, dei dagane me har litt fritid.

På onsdag denne veka, hadde vi vår siste panteinnsamling. Me hadde store forhåpningar til ørstingane, fordi me sist panteinnsamling i same område fekk inn nesten 10 000 kronar. Dette var nok vel optimistisk, men me fekk inn heile 6197 kroner og dette er me likevel svært fornøgde med! Eg kan òg fortelje dykk at etter ei nøye samanrekning av alt me har samla inn dette skuleåret, utført av vår kjære assistent Michael, har me fått inn heile 49 000 kroner! Sjølv om me ikkje slo fjorårselevane, er me svært fornøgde med resultatet og takker alle som har bidrege. No blir det mange bøker og mykje nytt undervisningsmateriale til håpskulen. Det gler oss!

avreise avreise-2

Laurdag var ein travel dag! På dagtid, hadde Sør-Amerikaklassa seminar om deira fantastiske reise til Peru, og på kvelden hadde Afrikaklassa ei forrykande OL-sending frå Sochi. På seminaret til Sør-Amerika fekk me høyre om reisa deira i detalj, me fekk ei kort innføring i mange ulike typar peruansk kultur, historie, språk og Vilde og Embret hadde til og med laga mat til oss. Etter alle i klassa hadde fortalt litt om turen, gjekk me rundt på ulike postar, der me fekk prøve alt frå masjetehogging til å smake på peruansk mat. På slutten av dagen fekk me òg sjå ein forrykande film om turen til Peru, som Mauritz, assistent i Adventura Sør-Amerika, har arbeidd dag og natt i det siste for å gjere ferdig.  Vel blåst Sør-Amerika! Dersom de vil lese meir om turen til Peru, kan få inn på Adventura Sør-Amerika sin blogg: www.soramerikaklassen.com

På Afrika sin elevkveld, var tema OL i Sochi. Kvar klasse hadde fått tildelt eit land, som dei skulle kle seg ut som og konkurrere for. Kina var Sverige, Animasjon var Norge, Sør-Amerika var Peru, Ekstremsport var USA og sjølve var dei Russland. Me fekk servert herleg lasagne, mange hadde morosame utkledningar og underhaldninga var ei god blanding av ei OL-sending frå TV2, konkurranser og ein god porsjon reklamepauser. Etter underhaldninga arrangerte dei både mørkegjømsel på Annekset og film i peisestova. Tusen takk for ein fin kveld, Afrika!

Eg håper de vil følgje oss gjennom reisa vår til Kina, det vil bli mange spanande blogginnlegg framover no! Ynsk oss lykke til i Kina, så sjåast me til påske!

Mari

Klassealbum 2013/2014

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.