Kina – Midtens rike 中国班

Møre Folkehøgskule

Førebuing og fjorårstreff

20140215-kl0a1490

Her kjem det enda ei oppdatering frå vår vesle boble her oppe i mellom fjella. Denne veka er det eg, Fartein, som har fått ansvaret for å skriva blogg, og det skal vere meg ei glede å leia dykk gjennom veka som var her eg sitt ein regnfull søndag og skriv blogg.

Det heile byrja på måndagen då Sumin innførte klassa i Senkaku problematikken mellom Kina og Japan. Utanfor Taiwan er det nemleg ei lita gruppe med øyar som både Kina og Japan påstår tilhøyrar dei. Dette skapar jo sjølvsagt spenningar mellom dei to landa, og det har nesten resultert i væpna konflikt. Uansett kven som har mest rett på desse øyane så ser det ikkje ut som det kjem til å vere noko lett løysing på denne konflikten mellom Kina og Japan. Etter å ha diskutert litt i klassa, var det på tide å sjå vidare på den morosame reisedokumentaren til den britiske komikaren Paul Merton. På tysdagen vart det gjort litt meir vettuge ting då me fortsette med å førebu oss til undervisninga me skal helde ved håpskulen. Det har seg nemleg slik at oss kinaklasseelevar skal vere engelsklærar for ein gjeng med kinesiske skulebarn og dette er det litt lurt å vere førebudd på. Førebuinga gjekk i å helde demonstrasjonsundervisning for klassa og få tilbakemelding på opplegget me hadde laga. Nokon av oss må nok førebu oss litt meir før me inntar håpskulen i mars. Det er eigentleg dette veka har gått i for det meste. Klassa tok seg ein liten tur ut for å levere flygebladar og selje kjeks på onsdagen, men elles har mesteparten av tida gått med i håpskuleførebuing.

20140212-kl0a1432 20140212-kl0a1438

Det har jo sjølvsagt skjedd ting på resten av skulen denne veka, og ein av desse hendingane er at Sør-Amerikaklassa, som er den klassa kinklassa har fått minst tid med heile skuleåret, kom attende frå linjeturen sin på tysdagen. Det var spanande å sjå dei igjen og å få høyre om turen deira. Om ikkje noko anna har det gitt meg meir smak på vår eigen linjetur til Kina, noko eg gledar meg grusomt til. No er det nemleg ikkje så lenge til me reisar til det lova landet vårt, og eg kjenner det på stemninga i klassa at alle ser fram til turen.

På slutten av veka fekk me besøk av elvane frå i fjor, og me hadde laga eit underhaldningsopplegg for dei på laurdagen som me øvde på innimellom all førebuinga til håpskulen. Kinaklassa, i kjent kinaklasse stil, framviste ei samling av alle dansane me har dansa i år. Då me endeleg stod på scenen på laurdagskvelden opplevde me sjølvsagt tekniske problem med lyden, noko som resulterte at me bare vart ståande der på ei rekke til lyden vart fiksa igjen.

20140215-kl0a1553 20140215-kl0a1513

Møtet med klassa frå i fjor var ei spesiell oppleving. I fjor var det nemleg ein mykje større klasse enn i år så klasserommet var stappa med folk. Dei gav oss gode tips om sjokolade og andre mindre viktige ting i Kina, før me gjekk kvar for oss til middag. Alt i alt har det vore ei spanande veke, men eg kjenner på kroppen at Kina lokkar på meg. Eg får ikkje ro i sjela medan eg ventar på avreise, for det er dette me har jobba mot i heile år, det er dette me har blitt lova.

20140215-kl0a1486

Eg takkar no for meg, dette er det nest siste blogginnlegget før reisa, og eg vonar det var leseleg.

Klassealbum 2013/2014

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.