Kina – Midtens rike 中国班

Møre Folkehøgskule

Juleverkstad, minitur, sjakk og Juleball

20131214-kl0a0792

你好朋友们!

Velkomne skal dykk vera til Kinaklassen sin fantastiske og særs informative blogg! Det er eg, Fartein den nynorske bauta, som har tatt på meg ansvaret å formidla vidare til dykk der heima om kva oss kinaborn her oppe i Ivar Aasen-land har funne på denne veka, og dette er ikkje ei oppgåve eg tar lett på. Nei, sann mine ord, her skal veka beskrivast ned til den minste detalj! No, kjære lesar, tykkjar eg du skal sitja deg godt til rette, ta fram noko knask, og nyte veka som var på Møre folkehøgskule.

Kva kan ein seie om veka som har gått? Det har vore ei særs innhaldsrik veke og det er mange som har hatt det travelt både innafor og utanfor kinaklassen.  Mykje av veka gjekk med til å førebu til det årlege juleballet her ved Møre folkehøgskule, og om eg så må sei det sjølv så vart ballet ein stor suksess, men meir om det etterpå.

Det heile byrja på måndagen. Dykk skjønar, kjære lesarar, at no er det ikkje så lenge til me skal reisa til Kina, og denne måndagen gjekk med i å få oversikt over kva me skal pakke med oss på turen og å skrive visum søknadar. Desse søknadsskjemaa  var på om lag fire sider og her måtte me skriva kva me skulle i Kina og kvar me skulle bu. Sjølv har eg aldri vore ovanfor noko slikt så dette var ei ny oppleving for meg. Visum søknadsskjema utfylling viste seg å vera litt av ei oppgåve for oss i Kinaklassen og brått var det ikkje meir tid til å gjera andre ting, så me kalla det ein dag og gjekk for å eta middag.

På tysdagen vart det andre bollar. Då fekk me lov til å setja oss ned og arbeide med julekort og andre liknande juleting. Me hadde nemleg ein såkalla juleverkstad i klassa, og eg trur ein del av oss fekk laga fine gåver til dei heime. Haibiao hjelpte oss å skriva julekort på kinesisk for å ha det vesle ekstra ’kinaklasse tøtsjet’, som ein seier på godt norsk. Andre dreiv å malte peking opera –masker, meg sjølv inkludert, men enda opp med å male eigne motiv heller enn dei motiva som vart gitt til oss. Verkstaden fortsette fram til lunsj og etterpå skulle me øve på vårt fantastiske innslag til underhaldninga på juleballet, skal seie meir om det seinare. Det var ikkje alle som kunne vere med å øve, for nokon hadde påtatt seg ansvaret å sitja på amfi og selja kaker og armband til inntekt for håpskuleprosjektet, ei særs edel handling. På kvelden var det nokre luringar som bestemde seg for å gå på midnattspremieren til storfilmen ”Hobbiten: Smaugs ødemark”, filmen varte soleis fram til klokka fire på natta og då kan eg tenkje meg at det var ein del trøytte elvar dagen der på. Eg var i alle fall trøytt.

20131210-kl0a0664 20131210-kl0a0657
20131210-kl0a0667 20131210-kl0a0683

Eg hugsar onsdagen som ein trøytt dag. Sjølv klarte eg ikkje å komme meg opp til frukost og måtte bli dratt ut av senga og tvinga til å møte opp på morgonsamlinga. Etter morgonsamling skulle me i kinaklassen eigentleg sjå ein film av Jackie Chan, men enda opp med å sjå Mulan 2. Og eg må nesten bare sei at det var ein mindre god film. Eg hugsar eg tykkja Mulan var ein bra film, men toaren var bare full av romantisk kliss, eg grøssar bare ved tanken på den. Etter filmen gjekk me oss ein liten tur ut i skogen for å laga mat på bål, og dette vart då frukosten min. Det var faktisk ein ganske god frukost. Etter å ha varma oss på bålet i ein time eller to, fòr me tilbake til skulen for å øva enda litt meir på innslaget vårt. Spenninga aukar.

20131211-img_4779 20131211-img_4771

Torsdagen gjekk med i å læra å spela kinesisk sjakk. Kinesisk sjakk har nemleg nokre reglar som er litt annleis frå internasjonal sjakk, men det er ganske likt likevel. I kinesisk sjakk har ein til dømes kanonar som bare kan angripe frå bak ei anna brikke, og ein har ei elv som delar brettet i to. Eg tykkja kinesisk sjakk var meir spanande enn internasjonal sjakk, men omtrent like frustrerande. Eg seier bare ein ting, og det er at det er lett å bli sint når ein tapar. Etter eg fekk roa meg ned litt var det igjen på tide med enda litt meir øving til innslaget vårt, og no byrja me faktisk å få det i boks.

Fredagen gjekk som vanleg med til valfag, og det var ikkje så mykje anna som skjedde i kinaklassen denne dagen, så her er det ikkje så mykje å skrive. Sjå heller på dei fine bileta me har her på bloggen og slutt å undra deg over kva som skjedde på fredagen.

Så til slutt kom den store dagen. Nemleg laurdagen, sjølve dagen då det skulle vera juleball. Heile dagen gjekk med i å førebu til ballet. Skulen vart pynta, instrument vart rigga, generalprøvar vart heldt, og eg sprang rundt og stressa over mi rolle som toastmaster under middagen. Brått var det ball, og middagen gjekk som smurt. Alle var dressa opp og fine som fy, det må eg bare ærleg få innrømma. Så kom det til underhaldninga, og no skal dykk få sjå kva me øvde på heile veka. Nyt det!

Etter underhaldninga vart det heldt nokre kåringar, der eg dessutan vart nominert, men ikkje kåra til, årets tøffelhelt. Eg vart ganske så forvirra der eg satt. Etter sceneshowet var slutt vart det dansing resten av kvelden, og det var, for å seie det slik, kjempe kjekt!

Det var veka som var her på Møre folkehøgskule. No fere det snart heimover for oss elvar her, det er nemleg juleferie på tysdag, og då skal vel dei fleste heim til ho mor, tenkjer eg. Eg vonar det har vore ei fornøyelse å lesa dette blogginnlegget og eg takkar for meg.

Over og ut, Fartein.

Klassealbum 2013/2014

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.