Kina – Midtens rike 中国班

Møre Folkehøgskule

Vinteren står for døra på Sunnmøre

ribbe-6

Og når jeg ser opp, og skuer jeg fra topp

den lyse dal med skoglier blandet,

da banker mitt bryst, av jublende lyst:

Jeg elsker, å, jeg elsker dette landet!

M. Munthe

Medan Afrikaklassa hadde lågforbruksveke, har kinaklassa denne veka  velta seg i kinesisk ribbe, det er jo tross alt berre to veker til advent.

Då me vakna på måndag, var skulegarden kvit av snø for andre gong dette skuleåret. Med like stor entusiasme som førre gong fann mange av elevane vegen  til akebakken, på snøsafari og nokre fekk til og med prøvd ut skia sine. Tysdag var snøen borte att, og nedbørsmillimetrane kom som regn. Men på sundag var det atter ein gong snøvêr i Ørsta, og kven veit, kanskje blir dagen i dag å rekne som fyrste vinterdag.

Onsdag lærte Sumin og Haibiao elevane sine korleis ein kan lage kinesisk jolemat. Det tykte me at var litt rart, for kinesarar plar jo ikkje å feire jol. Men maten vart god, og alle koste seg. Herman likte ribba så godt at då Benjamin kom for å vekke han til andre time på torsdag, låg han i senga si og åt restar med pinnar.

ribbe-5 ribbe-4
ribbe-7 ribbe

For å verte litt meir audmjuke før linjeturen sin, fekk afrikaklassa heilt enkel mat, måtte ete med hendene, hadde ikkje tilgang på nokon form for elektronikk, berre tre klesskift og berre 2 minuttar kald dusj i løpet av veka. Dei fekk heller ikkje bruke andre kosmetiske produkt enn deodorant, tannkrem og handsåpe.

Onsdag var det filosofisk dag på Møre folkehøgskule. Me fekk besøk av to praktiske filosofar som hadde filosofisk kafé og sokratisk dialog med oss. Me diskuterte mellom anna lukke og fridom.

Vinterstemninga skal det ikkje stå på her på folkehøgskulen. Me har hørt på jolemusikk allereie, ete peparkaker, funne fram strikkegenserane våre, og eg, Joakim, har vore på skitur i dag, medan Mari har sett på skirenn på TV. Det Joakim gløymde å nemne er at medan han gjekk ein roleg sundagstur, var eg, Mari, med på dagens del av Mauritz’ styrkeprogram. I dag gjekk dette ut på å flyge (les: springe, red. anm.) hinderløype med pyramideoppbygging i gymsalen. Noko eg tørr påstå har mykje større framtidsutsiktar når det gjeld resten av vinteren.

På laurdag arrangerte ekstremsportklassa elevkveld,  med tema ”Attende til ungdomsskulen”. Kinaelevane skulle som seg hør og bør kle seg ut som nerdar, dei andre klassane var fjortisar, emoar og treningsfreaks. Underhaldningsprogrammet var lagt opp som ein skuledag presentert i revyform. Elevkvelden var alt i alt ein stor suksess, og ekstremsportklassa fortener heider og ære for ei heroisk innsats.

Laurdagsseminaret denne veka hadde tittelen ”shoppingfri”. Irina Lee fortalde oss om korleis ho har slutta å shoppe, og diskuterte mellom anna miljøproblem knytt til bruk-og-kast-haldningene me ser i Vesten i dag. Resultata av seminaret var at me skal forsøke å kvalifisere skulen til å bli eit ”miljøfyrtårn”, og Anders har bestemt seg for å slutte å bruke snus. Me rekna nemleg ut at han brukar nesten 27 000 kr i året på desse hæslegheitene

Me har lært å ta salto på trampett. Lærar Joar hadde tilsyn på skulen i helga, og lærte dei som hadde lyst å ta salto både forlengs og baklengs. Dei aller fleste som prøvde fekk det til, Mari og Joakim inkludert. ”Saltosaltosalto,” som Joar ville ha sagt.

Oppsummert har det vore ein ganske vanleg veke på folkehøgskulen. Neste veke er det korveke, og før me veit ordet av det, så er det advent og jol. Og då er det berre tre månader til kinaturen!

20131124-kl0a8625

Takk for no,

Mari og Joakim.

Klassealbum 2013/2014

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.