Kina – Midtens rike 中国班

Møre Folkehøgskule

Rotsethornet, flaskeinnsamling og haustferie



Aa eg veit meg eit land

langt der uppe mot nord,

med ei lysande strand

millom høgfjell og fjord.

E. Blix

20131001-dsc07709
Rotsetvatnet

Denne veka har det vore temmeleg roleg på skulen. Dei siste ekstremsportelevane drog frå skulen på måndag, og er på klassetur i Tyrkia i ein månad framover. Då Afrika-klassa var på klassetur frå måndag til onsdag, og Sør-Amerika-elevane var slitne etter elevkveldsarrangementet førre laurdag, var det difor ganske stille i korridorane på fokehøgskulen.

Tysdag gjekk størsteparten av Kina-klassa opp på det 649 meter høge Rotsethornet i Volda, som ifylgje Sumin er det styggaste fjellet i Noreg. Personleg tykte eg at det var eit heilt OK fjell, og det er jo sant som det kinesiske ordtaket seier: ”det er det styggaste fjellet som har den finaste utsikta”. Frå toppen kunne me sjå utover Volda og Voldsfjorden, omkransa av fjelltoppar bak andre fjelltoppar i dei vakre Sunnmørsalpane våre. Me var som vanleg svært heldige med vêret, sjølv om alle nok har merka at hausten står for døra. Etter turen drog me heim til Sumin og Haibiao. Der fekk me hěn hăo (svært god) kinesisk mat, såg på bilete av tidlegare Kina-klasser, spela Wii og drakk kinesisk te.

20131001-dsc07751
Vi er på toppen av Rotsethornet!

Då me kom attende til skulen, leika me ein variant av gøymsle i mørkeret på ”Annekset” (den raraste av dei to skulebygningane våre). Éin elev skulle gøyme seg, og alle dei andre leita. Når du fann den som hadde gøymt seg, måtte du gøyme deg saman med han eller ho, og til slutt ville éin elev gå rundt og leite etter alle dei andre. Denne leiken tykte alle at var morosam heilt til Hana i Sør-Amerika-klassa gøymde seg så godt at ingen kunne finne ho.

På onsdag skreiv me for fyrste gong kalligrafi med blekk. Strøk for strøk og teikn for teikn leia Haibiao oss gjennom eit kjend kinesisk dikt om måneskinn, snø, og litt av kvart. Dette er ei kunstform som nokre av elevane meistra bra, medan mine eigne prestasjonar nok syner eit forbetringspotensial.

Etter middag gjekk me frå dør til dør og samla inn tomflasker til håpskuleprosjektet. Me gjekk to og to og tok for oss gate for gate, medan Ivan og Sumin køyrde i skytteltrafikk for å bringe flaskene til skulen. Me fekk hjelp av Ole Martin, Kathrine og Ane Sofie frå animasjons- og Sør-Amerika-klassa, og dei tre fortener ei stor takk for innsatsen. Etter to-tre timars arbeid hadde me fått donert ikkje noko mindre enn 104 plastsekker med tomgods frå dei fastbuande.

1239950_675860272426114_100463665_nVi er så fornøyde med med 104 sekker flasker! 

Klokka åtte drog alle elevane som var att på skulen på kulturhuset i Ørsta for å sjå Jon Fosse-stykket ”Lilla”. Fartein og eg var av dei som likte stykket, medan nokre av medelevane våre tykte det var rart. Stort meir er det ikkje å seie om den saka.

Torsdag var den store pantedagen. Me fordelte oss på seks forskjellege pantestasjonar rundt om i Ørsta og panta parallelt. Michael, Ivan og eg køyrde rundt og syrgde for at alle på eitkvart tidspunkt hadde nok flasker. Aksjonen gav 9 526 kroner til håpskuleprosjektet, som sikkert er nok til å glede nokre kinesiske born. Men me stoppar sjølvsagt ikkje her, dette var berre den fyrste i rekka av innsamlingsaksjonar.

1383640_675860635759411_289665398_nKristine og Halvor panter flasker for Håpskolen

Etter pantinga hadde alle tid til å pakke det dei eventuelt ville ha med heim i haustferien, før me hadde ei slags klasseavslutning etter kveldsmat. Kina-klassa og dei tre hjelparane våre møttest i klasserommet og åt kake og drakk te, og det heile vart ei hyggeleg samkome.

Med dette går me inn i haustferien etter den fyrste etappen med folkehøgskuleliv. Dei seks vekene har passert på ein augneblunk, men dei har vore svært innhaldsrike. Me har treft mange spanande menneskjer me ikkje hadde vorte kjende med på eiga hand, og gjort gode erfaringar med dei. Folkehøgskulen har vorte som ein stor familie eller som eit lite samfunn der kvar enkelt elev speler si rolle. Dei siste seks vekene har vore ei einaste god erfaring, og det er nok ikkje usannsynleg at eg kjem attende til Møre følkehøgskule i naturskjønne omgivnader millom høgfjell og fjord neste veke.

Så får de ha takk for no.
Med venleg helsing Joakim.

Klassealbum 2013/2014

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.