Kina – Midtens rike 中国班

Møre Folkehøgskule

Matauk, Sushi og Ålesundtur

20130919-dsc07382
Det var morsomt å lage Sushi

Denne veka byrja med tre dagars matauk for heile skulen. Det vil seie at vi skulle førebu vinteren på noko gamledags vis. Vi fekk fire oppgåver og det var noko å velje i for alle. Dei fire ulike moglegheitene var sauesanking, vedhogst, fisking og fangst og bær- og soppsanking. Elevane vart delt inn på tvers av alle linene, og vi fekk  moglegheit til å bli betre kjende med dei andre linene på skulen. Sauesanking gjekk ut på å hjelpe bøndene med ettersanking av sauene, ettersom hovudsanken var i helga. I bratte dalføre og høge skråningar, sanka motiverte elevar til saman nesten 50 sauar i løpet av dei tre dagane. Til tross for dårleg vêr og føre den fyrste dagen, viste alle stort engasjement for oppgåva.

Når det gjaldt fisking og fangstgruppa fekk dei ikkje like stor gevinst. Fiskelykka var ikkje heilt på deira side desse dagane. Som supplement vart det difor grilling og bålkos siste dagen på fiske. Nokre fekk prøvekøyre båten og var godt fornøgde med det, mens andre hadde meir enn nok med fiskestonga. I løpet av dei tre dagane sanka bær og soppgruppa litt blåbær, mykje plommer og sopp. Dette resulterte i nydelege plommepaiar, soppsuppe til lunsj for heile skulen og til og med litt blåbærsyltetøy.

Vedhogstgruppa stod på med stort engasjement alle tre dagane. Også desse sleit med blaut og kaldt vêr fyrste dag, men dette gjorde dei ingenting av. På dei tre dagane kløyvde dei tre gonger så mykje som nokre av lærarane fyrst hadde trudd. Dette resulterte i 110 sekkar med ved til skulen. Alle som hadde lyst til å prøve motorsaga, fekk lov til det, med nøye rettleiing og tilsyn. Alt i alt tykkjer vi matauk har vore eit svært vellykka arrangement med nye erfaringar av alle typar.

Etter matauk var ferdig, hadde vi ein halv dag i klassene på torsdag, før valfaga byrja. Desse timane utnytta Kinaklassen til å lære og lage sushi av Haibiao. Nokre tykte nok wasabien var i sterkaste laget, mens andre åt det som godteri heilt til det brann i hovudbotn. Sidan Benjamin hadde fødselsdag denne dagen, kom Haibiao med ei lita gåve til han. Haibiao hadde nemleg laga sushi til Benjamin før vi byrja, men Sushien hadde ein ekstra liten overrasking inni, nemleg masse sterk wasabi. Klassens morgonfuglar har allereie satt i gang ein tradisjon når det gjeld vekking og song på senga til alle kinaelevane sine fødselsdagar med mykje lydar og fjas som gjerne vekkjer heile etasjen, til alle andre si store fortviling.

Denne veka var den fyrste vi kom skikkeleg i gang med dei nye valfaga, som blant anna bestod i kinesisk knytekunst, kampsport, pardans, pilates, papirhyssing m.m. På laurdag hadde vi seminar med rektor Odd. Han tok oss med til Ålesund, kvar vi fekk sjå byen ovanfrå, frå Aksla, og dessutan drog vi ein tur til akvariet. For å sitere Odd; ”Her fekk alle lov til å springe rundt som barnehageborn att for eit par timar..” Dessutan fekk vi eit par timar fri til shopping og kos i ”verdas vakraste hamneby” i følgje rektor sjølv, noko som kan diskuterast med fleire av tilhøyrarane. Likevel tykkjer vi at dagen i Ålesund var svært fin. Dagen toppa seg for mange da vi kom attende til skulen til ferdig sjømatbuffet som årleg middag, med blant anna reker, sjøkreps, krabbe og blåskjel.

1234745_10151589281346436_1851701988_nÅlesund

Det som elles skjer i Kinaklassen er arbeid med Håpskuleprosjektet. Vi er godt i gang, har sett oss høge mål og er klare for dugnad. Fyrste prosjekt, sal av kakeboksar, har slått godt an blant skulen sine elevar og salget har vore svært bra.

Bloggarane sjølv er svært fornøgde med veka og takkar for seg!

Mari og Ivan.

Klassealbum 2013/2014

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.