Kina – Midtens rike 中国班

Møre Folkehøgskule

Skorgedalen og Superheltkveld

20130903-dsc07065Kinaklassen på tur i Skorgedalen

Velkommen til kinaklassen sitt andre blogginnlegg dette skuleåret. Mitt namn er Fartein og eg sitt her og skriv blogg saman med min gode klassekamerat og ven, Benjamin, også kjend som Benj. Det falt altså på oss to å føra blogganden etter Michael sitt utsmykka sjølvonani som var blogginnlegget i førre veke. Audmjuke som me er skal me bare fortelja litt om våre mange opplevingar denne veka.

20130903-dsc07040Benjamin og Fartein på tur

I byrjinga av veka fekk me litt info, før alle dei forskjellige klassane ved skulen vart ført opp til sine respektive klasserom for å ha den første verkelege skuletimen for skuleåret. Me i kinaklassen vart introdusert til kinesisk te og teikn, og alle dei andre klassane, utanom animasjon, gjorde seg klar til å reise på ein fjelltur som skulle vare heile veka. Dette betydde altså at kinaklassen hadde skulen meir eller mindre for seg sjølv.

kl0a6798
Kinaklassens dans “den tusenarmede Guanyin” på elevkvelden

Me byrja vår einsame tilverd  ved å gå på tur innover i ein dal på tysdagen. Om eg skal få vere heilt ærlig så må eg nesten få seie at det var ein nokså behageleg tur i vakker natur. Me gjekk og song medan me spratt mellom terrenget i dalen og det virke som om dette kan bli eit bra år med ein fantastisk gjeng. Etter fjellturen så var det rett tilbake på skulen for å tenkja ut noko lurt me kunne gjøra på elevkvelden på laurdag som kinaklassen skulle arrangere. Mesteparten av veka gjekk med i å forberede denne sensasjonelle aftanen som bestod av eit kulinarisk eventyr og underhaldning på scenen utan like. Innimellom alt dette måtte me også lære oss kinesisk kalligrafi og litt kinesisk geografi. Vårt fyrsteinntrykk var at det kinesiske språk kan vera noko vrient å læra seg. Det er så mykje som er annleis frå vårt eige språk og eg, altså Fartein, trur at dette kan bli ein utfordring for alle i klassen, men å møte utfordringar er jo sunt og dannar karakterstyrke. Uansett, elevkvelden vart ein stor suksess og den vart avslutta i peisestova med ein framvisning av den kinesiske kampsort fimen ’Ip Man’. Personleg synar eg denne filmen var eit orientalsk meisterverk. Alt i alt har det vore ei hektisk veke for heile klassen, og mange av oss har verkeleg fått smaken på kinesisk te, som forresten er heilt fantastisk og som eg anbefaler på det sterkaste.

Så no sitt me her på ein søndagsettermiddag og undrar oss over korleis resten av året vil vere. Det virke som om mange har knyta sterke band med personar både i og utanfor klassen. Dette er året for å verkeleg utvikle seg som person og skape vennskap som forhåpentlegvis kan vare livet ut om ein er heldig.

Over og ut, frå

Far og Benj

Klassealbum 2013/2014

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.