Kina – Midtens rike 中国班

Møre Folkehøgskule

Sykkeltur i Kina for første gong

20120308-20120308-p1130113

Jaja, da har nok ein dag gått her i Kina, og den har vore interessant med utprøving av nye ting. Dagen starta med frukost på hostelet, der flesteparten åt burger. Nokre av dei som fekk stekt egg, fekk kalde egg. Det var ikkje noko særleg, men vi fekk da maten ned. Deretter var det å bære baggasjen ned trappa igjen. Mange måtte bære heilt frå femte etasje, mens andre var så heldig å bære ned  berre frå andre etasje. Vi sjekka ut og sa

ha det til den kosesjuke hunden, som tilhøyrer hostelet. Han var så nusselig.

Vi trilla koffertane våre avgårde langs trafikkens vegar, til vi kom til hotellet vi skal bu på fram til søndag. Hotellet ligg rett ved gågata i Yangshou, så det er veldig praktisk. Og etter det eg har høyrd, så har alle fått normale do denne gongen.

Rett etter innsjekking bars det til eit vaskeri, for folk begynte å gå tom for reine klede. Folk måtte sjølvsagt ha kleda sine i plastikknett, og eg kan vel seie kort at Rimi, Rema 1000, Joker, Coop Mega, Coop Prix og ICA (og Norli) var representert. (Berre Kiwi og Bunnpris mangla.) Vi kom fram til Speed Queen Laundry Service, der posane våre (med klede) vart vegd og vi betalte. Kleda kunne hentast seinare allereie samme dag.

Lunsj vart tatt på eiga hand, og undertegnede kan fortelje at eg har for første gong ete på KFC. Det var ein god opplevelse, og kjem mest sannsynleg til å bli gjentatt før turen er omme.

Dagens program var som dere sikkert veit: Månefjellet. For å komme seg dit, måtte vi leie syklar og sykle i ca ein halvtime. Nokre ville teste ut tandemsykkel (to syklar i ein). Marius og Magnus fann seg ein. Det gjorde Oskar og Matias og. Men da Per Martin og Dan Remi testkøyrde sin, knakk den. Det var mange som lo godt, ja. Så dei fekk nøye seg med vanlege syklar slik som resten.

Neste utfordring var å sykle i trafikken. I Yangshou har dei heldigvis breie sykkelfelt, men vi måtte og sykle inn i ei rundkjøring. Der har dei ikkje sykkelfelt, så vi la oss på bakhjulet til Sumin og sykla for harde livet. Da vi kom ut av rundkjøringa, pusta vi letta ut og kunne nyte resten av sykkelturen.

Etter å ha sykla så nærme Månefjellet som sykkelen kunne ta oss, var det på tide med nye trappetrinn. Klassen har begynt å elske og forgude trappetrinn, spesielt dei såpeglatte trinna vi gjekk på i dag. Herleg, om du spør meg. Da dei fleste begynte å tenkje vi må vel ha komme iallfall halvvegs opp no, kom plutseleg toppen fram bak nokre buskar og ferda var over. Marie sprang opp dei siste trinna i rein glede. Så var det photoshoot, før det bars ned igjen og tilbake (på sykkel).

Resten av dagen gjekk med til å sjå på alt dei har å by på i gågata (det blir shopping dei neste dagane, ja). Der vart Stine og eg stoppa gjentatte gong av kinesiske tenåringsjenter som ville ta bilete av/med oss. Dei forklarte at dei var english students og at dette var a school assignment. Da sulten meldte seg og det var tid for middag, gjekk vi for å teste ut kinesisk pizza-restaurant. Denne opplevinga var ikkje så vellykka, da pizzaen (indian curry) var smaklaus. Men men, da har eg prøvd ut det og.

No sitt undertegnede og Stine på hotellrommet og slappar av, for i morgon skal vi ut på ny sykkeltur til ein tidlegare håpskule.

Helsing lille Brit frå store Kina.

PS: E må nå hæls hæm te fam å vænna, å Flæmmå sjølsagt. Håpa de har de bra ;D

Bilder fra skoleåret 2011/2012

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.