Kina – Midtens rike 中国班

Møre Folkehøgskule

Awsomeness Blogg 2.0

20120111-img_0353

Måndag etter valfag og lunsj fortalde Sumin meir om Miao-folket, som vi skal bu med når vi er i Xijang. Deretter vart vi delt inn i seks grupper og tildelt kvar vår klasse, som vi skal undervise i engelsk på Håpskulen. Vi begynte med å forberede undervisningstimane, for allereie tirsdagsmorgon skulle vi ha simuleringsundervisning framfor Sumin, Haibiao og klassen vår, som skulle late som dei/vi var elevane ved Håpskulen. Dei fleste opplevde det som vanskeleg å måtte prate kinesisk når dei skulle forklare noko. Da alle var ferdig med sine simuleringsundervisning, fekk vi vite meir om Dong-folket av Sumin.

Etter lunsj såg vi ein gripande film ”The Flowers of War”, som handlar om Nanjing-massakren i 1937 da japanarar invaderte Kina. Filmen hadde verdspremiere rett før jul i fjor, og slo kinorekordar i Kina. Regissøren, Yimou Zhang står også bak andre kjende filmar, som ”The House of Flying Daggers”. Begge desse filmane er til å anbefale på det høgaste, men hugs på at det er ein grunn at ”The Flowers of War” har attenårs aldersgrense. Det er ikkje ein film for dei som ikkje tålar sterke scener.

Onsdag lærte vi meir om korleis vi kan spørje om vegen til forskjellige stader i Kina, på kinesisk sjølvsagt. Vi starta og med å lage ei reisebrosjyre kvar om alle severdighetene vi skal besøkje i Kina. Etter lunsj hadde vi gym med Per Martin. Han lærte oss forskjellige bokseslag: jab, cross, venstre og høyre hook. Deretter gjekk klassen saman to og to for å sparre.

Torsdag fortsatte vi med å lære oss å spørje om vegen på kinesisk, og fekk utdelt åtte situasjonar vi kunne hamne i der vi skulle lage spørsmål vi kunne spørje framande i Kina. Vidare fortsatte vi med reisebrosjyrene våre. I ”Rektors Time” på fredagsmorgonen var heile skulen (bortsett frå Egypt-klassen sjølvsagt, som kosar seg i Egypt) samla i peisestua for å overvære ein fantastisk pianokonsert med kjende klassiske verk av blant anna Grieg, Debussy, Mozart, Chopin og Tsjajkovskij. Den dyktige pianisten, Robin Colvil, kjem frå England og reiser rundt i Norge for øyeblikket og spelar piano på folkehøgskular, men dette var første gongen han hadde konsert klokka ni om morgonen.

Laurdag var det duket for eit nytt seminar, og denne gongen sto internasjonal folkedans på programmet. Alle elevane vart delt i to grupper og lærte seg å danse alt frå israelsk regndans til ein dans frå Serbia. Da kvelden kom vart vi servert ei karrigryte med kylling i, som mildt sagt var kjempegod. Deretter samla alle saman seg i peisestua der Animasjon arrangerte disney-elevkveld. Her fekk vi vite meir om Walt Disney, ein sketsj med alle Disney-fortelingar samla saman til ei historie, to kortfilmar laga av Eirik, Mattias og Even, og til slutt såg vi ein film: ”Sjørøverplaneten”.

Søndag er eigentleg ein stille og roleg dag der dei fleste søv ut etter ei strabasiøs veke, men denne søndagen reiste ein del til Bonndalseide for å stå på ski/slalom/snowboard, mens dei som var igjen på skulen avlsutta innebandyturneringa som hadde foregått heile veka. Marius og Per har altså starta ei turnering ”The Ultimate Ivar Aasen Tournament” der ti påmeldte lag skal konkurrere i innebandy, fotball, basket og volleyball. For kvar veke blir det konkurrert i ein sport, og denne veka var det innebandy. På tysdag og fredag var det gruppespel, der fire lag gjekk vidare til finalen som var altså på søndag. Det blei nokre spennande kampar med ekstraomgangar og skadar, men til slutt vart resultatet som følgjande:

1. Team Råddådallj (Marius, Per, Maren, Silje)
2. Blå Veggtapet Bøtte 7 (Magnus, Ida, Sondre, Julie Marie, Julie)
3. Steinars Crew (Steinar, Michael, Hanne Elisabeth, Hilde Kristin)
4. The Slush Puffs (Aleksander, Vilde, Nora, Cecilie)

Denne veka har og nokre i klassen hatt morgonsamling, og temaene har vore maur, panda, struts, vêret og for aller første gong har ein elev lese eit dikt på morgonsamlinga. Diktet var til og med selvskrevet av Monica.

Da er det vel ikkje meir å skrive enn
zài jiàn
Stine og Brit

PS: Når vi er i Xijiang, skal vi bu med sjølvaste kongen av Miao-folket 😉

Bilder fra skoleåret 2011/2012

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.