Kina – Midtens rike 中国班

Møre Folkehøgskule

Dag 19: Bading og Buddhaer

20110319-img_0086

Dagen i dag begynte noko tidleg, nærmare bestemt rundt klokka 8. Frukost stod på programmet, og nok ein gang var det snakk om kjedelig vestlig frukost med toast og bacon. Gler meg te farmorbolla med sjokoladepålegg og heilmjølk.

Etter foringstid satte me oss i bussen, og durte i veg til Leshan, og den store buddhastatuen der. Rundt 70 meter høg står han og ser utover elva. Bygd i stein for 1200-1300 år sidan, med eit sinnrikt system for å unngå erosjonsskader og liknande. Veldig imponerande. Me fekk på kjøpet og demonstrert kinesisk køkultur. Ein enorm kø for å komme ned til buddhaen sine føter møtte oss da me kom opp bakken til buddhahovet. Circa 30-50 minutt etter begynt køståing kom me fram til kanten, der me trudde køen var ferdig, og me kunne gå fritt ned stien til elva. Slik var det ikkje. Kjempekø heile vegen ned, berre med enda mindre system, og enda meir kaos og skubbing. På tross av masse køing, var buddhaen eit imponerande skue, og vel verdt turen.

Turen gjekk vidare til foten av Emeifjellet, der me skal sova ei natt før den episke fjellturen i morgon. For å lette på den trykka stemningen, for dei fleste av oss til dei varme kildene i byen. Kjempedeilig varmt vatn i badet gjorde veldig godt. Veldig godt. Får sjå om det hjelp, når 2500 høgdemeter skal overvinnast i morgon.

Til slutt ein liten notis, Vidar er forsvunnen, muligens gått seg bort i garderobelabyrinten ved dei varme kildene. Forhåpentlegvis kjem han til rette igjen, men det ser stygt ut.

Gunnar

Klikk her og følg vår reiserute

Bilder fra Leshan & Emei-fjellet

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.