Kina – Midtens rike 中国班

Møre Folkehøgskule

Dag 5: Enter Guilin

20110306-p1120617

Dagen i dag begynte svært tidleg, næmare bestemt rundt kl.5. Bussen fra hotellet var bestilt til 05.45, og kjent som forferdelig tidleg. Etter den brutale oppvåkninga, kasta me oss på bussen som skulle ta oss vidare på vårt kinasamleband over grensa til Shenzhen, rett nord for Hong Kong. Etter ein kronglete grenseovergang, med 3 folk i “innsjekkingsskranken”, og 30-100 politifolk som passa på, kom me oss omsider til flyplassen i Shenzhen, i god tid før normale personar har stått opp.

imar på fly, landa me i Guilin. I klassisk vestlandsvær (surt regn, tåka, ikkje spesielt varmt), bega me oss med buss til hostelet vårt, som ligg ganske sentralt til. Betydelig bedre standard på romma her enn på hostelet i Hong Kong, då me faktisk kan gå rundt inne på rommet uten å slå ut alle tennene etter ein ublid episode med koffert og gulv/skap. God standard altså, sjølv om me blir bedt om å kaste dopapiret i bossbøtta i staden for å skylle det ned (det forklarer oppførselen til vår forrige do :-s).

Den generelle stemninga i klassen ved ankomst hostelet var trøtt. Dei fleste ville nok ha sovna umiddelbart om dei hadde fått lov til det, så me vart enige om å ete lunsj, for så å gjere som vil (les: sova) fram til klokka sju på kvelden. Ein resturant vart lokalisert ikkje altfor langt unna, og der inntok me ein kjempegod lunsj/middag, og spesielt eg var svært fornøgd med at me fekk noko anna enn reker og annan kjip sjømat. Personlig mitt beste måltid hittil.

Klokka sju vart eg for tredje gang i dag vekt opp mindre enn 5 minutt før me må gå. Skuffa over at eg ikkje fekk vita slutten på ein fascinerande dramathriller som involverte kinesisk organisert kriminalitet, blei eg vekka opp av min for dagen roomie Henrik, men humøret steig kjapt når me nok ein gang gjekk inn på ein koselig restaurant for å ete fabelaktig god mat. Spenningen steig enda eit hakk då Sumin og Haibiao annonserte at me skulle på eit massasjesenter etter middagen for å få fotmassasje. Etter fleire dagar med hektisk byvandring gjorde det fantastisk godt å få massert føttene, sjølv om eg er litt skuffa over at Ola fekk ei søtare massør(inne(?)) enn me. På vegen tilbake til hostelet gjekk eg og Andreas oss litt vill, men etter litt om og men fann me rett spor igjen. Litt shopping fekk me og gjort, eg kjøpte ein genser i størrelse 4XL (!) som var akkurat passe stor. Me fekk og konstatert at me er forferdelige til å prute, då eg fekk prisen ned på genseren min med absolutt ingenting.

I skrivande stund er klokka 12 blank, og eg treng å få sove om eg skal henge med på tempoet vårt. Derfor avsluttar eg nå, sjølv om eg kunne skrive mykje meir. Dåke får kosa dåke heima i Norge.

Gunnar Heide Aadland

PS: Til dei heima i Hiljesgjerdet, sei at Øystein må sjå masse OnePiece, og da e lite edderkoppa her.

Reisealbum 2011

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.