0

Om Kinaklassen

February 6th, 2010 /

 

Kinesisk språk og kalligrafi

 kinesisk historie & kultur

kampsport med Taiji Quan

handarbeid med knutekunst

kinesiske filmar og tradisjonelle spel

6 vekers rundtur i det store Kina


Kina er den store reisa: Ein brulagt sti gjennom historia, over Den himmelske freds plass og sigande forbi bambus lunden ved Li-elva. Ferda går vidare til minoritetsfolk og Håp skule på landsbygda og så med eitt mot framtida.

Velkommen til Kinaklassen på Møre Folkehøgskule si heimeside. Her finn du mykje informasjon om linja, og kva me føretek oss. Følg spesielt godt med når me reiser til Kina.

Her er litt informasjon frå Møre Folkehøgskule sine heimeside:

Det er i Kina det skjer. Fortida og historia viser oss dette og framtida vil vise oss. Midtens Rike har alltid vore framandt. Men den kinesiske verda har også alltid vore der som ein draum eller som den store austveggen. Silke, krut, akupunktur, porselen, kompasset, jade og Tai Ji Quan har funne vegen vestover.

kalligrafi

Det er også mange grunnar til å finne vegen austover. Kanskje kalligrafien har små løyndomar til deg? Som du skjønar, er vi godt budd før vi set oss på flyet til Kina i vinter. Spenninga til møtet med barna på Håp Skule vår, Lilong barneskule, kriblar. Gleda i møtet, og gleda over å hjelpe, set varige minner.

Taiji haapskole

Linja KINA – MIDTENS RIKE har også lærar frå Kina. Vi vil lære språk, historie, kultur, samfunnsliv og geografi. Vi vil lære ein del tradisjonelle kinesiske handarbeid, f. eks kinesisk knutekunst og papirklipp. Vi vil også studere kinesiske religionar, kinesisk politikk og filosofi, og diskutere kulturskilnader og utviklinga i det moderne Kina. Kina er i endring heile tida – ei historisk endring.

Linn

Det vi opplever og lærer av seks veker i det mangsidige Kina er verdt å dele med andre.

Ved spørsmål om linja kontakt skulen her.Sjå fleire bilder i klassen sitt klassealbum  2003 – 2015.

Lærer: Sumin Qiu

Søk om studieplass

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

This blog is kept spam free by WP-SpamFree.

4 visitors online now
0 guests, 4 bots, 0 members
Max visitors today: 12 at 02:03 am UTC
This month: 51 at 07-14-2018 01:35 am UTC
This year: 78 at 03-10-2018 08:02 pm UTC
All time: 202 at 02-04-2012 07:40 am UTC